onsdag 7. april 2021

Interiør soverom




SOVEROM










Kva skal soverommet gje deg?



Soverommet skal være staden du finn ro og samlar energi.
Di eiga boble der du kobler ut og av.
Føler deg trygg og fri.

Soverommet er den perfekte staden for å gå inn i deg sjølv og dine eigne tankar, uforstyrra av omverda.

Om du tenner du eit lys, les ei inspirerande bok, lyttar til musikk som får deg til å drømme deg bort eller kanskje du bruker tia når du legg deg til å meditere og finne indre ro?

Soverommet er rommet vi startar dagen i, og når du ligg i senga om morgenen, kanskje du reflekterar over korleis denne dagen skal bli? 

Alt dette er ting som foregår i deg sjølv, men det å skape ei god atmosfære i soverommet er ein forutsetning for å finne denne roa.








Ting på soverommet



Soverommet kan ha fleire funksjonar, men kvifor bør ikkje tvsjåing være ein av dei?


Vi omgjev oss med teknologi på alle frontar dagen lang. Vi får så mykje stimuli at vi knapt klarar å fordøye det. Det å gje deg sjølv ein pause fra alle desse stimulia og gje deg sjølv tid og rom for å tenkje og for å puste...med magen til og med. Vi slår difor eit slag for å kaste tv-en ut av soverommet! Fyll heller ei hylle med gode bøker og ting du blir glad av å omgje deg med. Det kan være arvegods, smykkar eller småting du har samla og som har ein stor kjenslesmessig verdi for deg.

Ting som gjev deg den gode kjensla og som minnar deg på ta vare på deg sjølv.








Detaljar



Tenne eit lys, sette på ein diffuser med eteriske oljer som både gjev soverommet ei nydeleg lukt samtidig som oljane støttar kroppen i å finne ro og oppnå god søvn. 

Hudpleieprodukta dine kan godt stå framme, kanskje er det nett no du har tid og ro til egenpleie?






Fargar og materialar



Når du skal velge fargar og materialar på soverommet er det fleire ting du bør tenkje på.
Kva farge er det som gjev deg ro? Har du lagt merke til kva rom du føler deg vel i, kva farge er det på veggane der? Ting tyder på at vi er ulike når det kjem til kva påverknad ulike fargar har på oss. Det som likevel kan sjå ut til å være ein fellesnevner, er at fargar som har mykje kvitt i seg, altså dei er duse, verkar beroligande. Kulørsterke fargar verkar motsatt. Difor er det ein god regel å velge duse fargar til soverommet. Raudt bør ein kanskje også styre unna på soverommet, da det er ein krevande farge som ein er einig om at verkar stimulerande. Gode naturmaterialer er også kjent for å skape ei lun atmosfære. Eksemplar på dette kan være stein, treverk, rotting, kork, bambus og tekstilar av lin eller bomull.

Du kan velge ei seng med ein sengegavl i eit av desse materiala, du kan velge skap og innleiing i treverk, rotting, bambus eller kork? 


Tekstilar på soverommet



er med på å skape den lune, trygge stemninga.
Godt og fint sengetøy som du gler deg til å legge deg i, golvtepper som er gode å setje bare føtter på og gardinar som både skjermar og som slepp inn dagslyset når det er tid for å stå opp. Lite slår det å vakne til morgonlyset, det gjev deg ein mjuk og roleg start på dagen.





HYLLESYSTEMET FRÅ BYGGJE




Alt har sin plass



Trikset for å ha eit ryddig soverom er at ting har sin faste plass. Gode system i skap og skuffer gjer at du bruker mindre tid på dagleg rydding. Kanskje ynskjer du å henge fram ein ny kjole du har kjøpt, med eit fint mønster eller ein farge du blir glad av? Då kan desse plagga inngå som ein del av innleiinga på soverommet.
Kanskje har du ikkje plass til eit "walk in closet"? Fortvil ikkje, det er fullt mogeleg å lage din eigne utgåve på ein vegg ved å bruke hyller, knaggar, boksar og lignande.

Kanskje bør du ha ei fin korg ståande til skitne klede? Så slepp du at dei flyt rundt omkring på soverommet?
Eit anna tips er å ta ein gjennomgang av dei kleda du har i skåpet ein gong i mellom, har du ikkje brukt kleda på eit år kan det være andre som har meir bruk for dei?

Det å få oversikt i skåpet er ein veldig god kjensle, sjølv om du ikkje ser kva som er på innsida av skåpet når du skal legge deg om kvelden, så veit du korleis det ser ut der inne. Er det ryddig og oversiktleg der inne, så er det ei god kjensle å legge seg med.

Det å ha oversikt over kleda sine gjer også at ein handlar mindre på impuls, ein veit kva ein har og ein brukar det. Treng ein noko nytt, så er det sannsynlegvis fordi ein treng det og ikkje fordi ein hadde gløymt av kva ein allereie hadde!








God luft

God luft kan være frisk luft frå eit åpent vindauge. Det kan være eit ryddig og reint rom. Det kan være ein god samtale før leggetid. Nyvaska og mjuke sengeklede. Nydusja kropp.
Kva som må til for at du skal senke skuldrene og puste med magen er det berre du som veit, men desse tinga ovenfor er hvertfall ein god start for dei aller fleste!



God natt


Ingen kommentarer: